AGREPINA

"TID FOR SKOG" Utstilling på Norsk skogbruksmuseum 2001.
Jorunn Veiteberg skriver i Katalogen om Agrepina:

"Ei dokke med namnet Agrepina har gitt namnet til ein av Marianne Berg sine pidestallar.Det er eit møbel med fire føter som samstundes liknar ein overskoren, kvinneleg underkropp med to par bein. Marianne Berg har laga fleire slike underlege og usedvanlege møblar.
Pidestallar kan knapt seiast å høyra heime mellom dei mest nyttige møblane i dagens heimar, sjølv om dei kan gi plass for ei lampe, ein pyntefigur eller ei plante.
I staden for nytten handlar slike møblar om å skapa undring og om å gi plass for det absurde.Som ein ballettdansar balanserer bordet på elegante, langstrakte kvinneføter, og representerer slik ei erotisering av kvardagen som føyer seg inn i beste surrealistiske tradisjon.
Dette er eit av tilværets "nødvendige unødvendigheter". Spora etter arbeidsgangen er tydelege. Utskjeringane er laga med øks og vinkelslipar i eit ønske om å ta vare på noko av spontaniteten i skisseprosessen i det ferdige resultatet."

Foto: Pål Hoff